Nokre glimt frå nasjonaldagen; champagnefrokost, sol, badmintonturnering i hagen og påfølgande festivitas, alt saman med vakre vener. Ein strålande dag der altså!
{ 1 comment }
Nokre glimt frå nasjonaldagen; champagnefrokost, sol, badmintonturnering i hagen og påfølgande festivitas, alt saman med vakre vener. Ein strålande dag der altså!
{ 1 comment }
Eg har gjeve heilt opp å ha nokolunde fine negler no. Det er rart korleis stress påverkar oss; når eg har for mykje å gjere får eg rar hud, handeksem rundt venstre ringfinger (berre der! Er ikkje det veldig snodig?) og håplause negler som knekk for eit godt ord. Det skjer kvart år rett før jul og om våren i eksamensinnspurten, og i år som i fjor må eg berre kapitulere og klippe dei stakkars neglene heilt ned og la dei få leve sitt eige liv medan mitt forfengelege eg må vente på betre tider.
Eg spekulerar mykje på kva fargar som eigentleg gjer seg best på kort-korte negler. Før halla eg mest mot mørke fargar, for då kan det sjå ut som om eg er ein kul hipster som ikkje gidd å ha lange negler, men som likevel er trendy og brukar neglelakk. Men no er eg usikker. Kanskje det er finast med noko lyst og nøytralt, så ikkje dei skeive og rare neglene får så mykje merksemd medan eg ventar på at dei skal vekse ut att? Kva tenker de? Kva er best? Køyr debatt.
{ 2 comments }
Her er litt frå mi fyrste veke som Instagram-entusiast. Litt mat, litt skule, litt jobb och sådär. Eg syns de skal henge dykk på og framfor alt followe meg! Eg heiter anebarmen der (ein eller annan luring rakk å ta brukarnamnet anebanane før meg. Bittert!).
{ 0 comments }
Heimen er vaska, maten er klar, champagnen ventar, bunadskjorta er stroken, frisyra er planlagd, neglene lakka nøytralare enn nøytralast: eg trur eg erklærar meg sjølv for klar for i morgon. Ynskjer dykk strålande nasjonaladagar! <3
{ 2 comments }
Søndagar er perfekte for å sjå på naturprogram. Eg elskar slikt, og den finaste serien av dei alle heiter Naturens mirakel-ungar, er laga av BBC og går på NRK. Det handlar om utryddingstrua dyreartar og folk som jobbar som galne for å redde dei. Ein fantastisk entusiastisk programleiar er det også. Eg må grine ein skvett kvar gong eg ser på det, for det er så fint.
Foreldrelause og ekstremt kosesjuke babyelefantar som blir passa godt på av menneske til dei klarar seg sjølve igjen – kven må vel ikkje gråte av det?!
{ 2 comments }
Ah, velsigna laurdag, godtfolk! Helgene for tida er så kjærkomne at ein burde gå med tiara og ballkjole kvar dag for å markere kor etterlengta dei er. Eg gjorde noko innmari lurt i går kveld før eg la meg: eg la mobilen frå meg i gongen med lyden av i staden for å ha han på nattbordet, så eg kunne vakne av meg sjølv i dag og ikkje kunne sjekke klokka og internett og alt mogleg i det sekundet eg opna auga. Eg brukar mobilen som vekkarklokke og har byrja å kjenne på kor avhengig eg er av den, og det er ikkje noko særleg. Det var fantastisk å vakne på gamle-måten, utan å ane kva klokka var og utan høve til å sjekke det, og berre kunne bli liggande så lenge eg hadde lyst. Det skal eg forsyne meg gjere oftare.
No skal eg ta på meg paljettøyredobbar og vaske heimen. (Eitt eller anna må glitre når ein gjer noko så usannsynleg gørr.) I kveld får eg besøk av dei kjekkaste eg veit om, vi skal ha 17. mai-komitèmøte og dei skal sleppe å gå heim iført Alfred-pels frå sofaen, tenkte eg.
Ja, nei, ein lyt vel skride til verket.
(Forresten! Eg har bukka under for presset og har blitt med på dette Instagram-greiene. Det er øje løje og mykje kjekkare enn Twitter. Eg heiter anebarmen og eg syns at de skal fylgje meg der!)
{ 2 comments }
Vi har nærmast hatt eit avstandsforhold ei stund no. Lenge har vi stort sett berre prata saman når det er fest. Kanskje vi gjekk litt lei av kvarandre, kanskje vi ikkje lenger hadde noko å snakke om, kanskje vi byrja å ta kvarandre for gitt. Men i desse latterleg slitsomme eksamenstider har vi funne attende til kvarandre, pianoet og eg. Når det er altfor mykje å tenke på og hjerna mi har meldt seg ut er det eit friminutt å setje seg attåt pianoet og klunke og synge og ikkje tenke på noko anna enn kva som kjem etter den akkorden i den songen og korleis var den melodilina igjen. Det er som å vere femten år og gå på musikklina igjen, sitje til langt på kveld på skulen på eit øvingsrom og spele og synge av full hals, ei lita stund gløymer eg tid og stad akkurat slik som då. Gamle vener skal ein ta vare på. Gamle vener, som pianoet, syns ikkje det gjer noko når du syng gamle songar om igjen og om igjen og om igjen.
{ 2 comments }

… Og no er han borte igjen. Kan han ikkje berre kome på skikkeleg og vere her?
{ 0 comments }
Eg har kanskje ikkje sove i hundre år, men det er tett på. Eg kom heim frå skulen i sjutida i går kveld, var så sliten at då kjærasten varta opp med middag og nye episodar av favorittseriane mine måtte eg gråte ein skvett, og så sovna eg tvert på sofaen rett etter eg hadde ete. Så eg har fått bortimot tretten timars søvn i natt, og herre min skapar kor godt det gjorde. I dag skal det bli ein fin laurdag.
{ 2 comments }