Avslutning og magiske krøllar

June 9, 2012

Det har vore ei snodig veke. Siste veka på NSKI, dugnadar og opprydding og festplanlegging, og så torsdag med filmfestival og påfølgande vitnemålsutdeling med fest attepå. Kor fòr dei siste tre åra hen?

Det er greitt å vere ferdig, det er på tide og alt det der, eg er inneforstått med det, men det er likevel vemodig. Det er så rart at eg ikkje skal tilbake dit i august. Men det skal nok gå bra, altså. Alt ordnar seg.

Torsdagskvelden var strålande og kjensleladd og fantastisk, og eg brukte i heile går på å ete feitt og flesk og hente meg inn igjen, haha. Noko av det sjukaste som skjedde på torsdag, som berre er eit bevis på for ei vellukka avslutning det var, var at krøllane eg hadde laga i håret haldt seg heile kvelden og natta. Det skjer meg sånn cirka aldri. Eg har utan samanlikning Noregs glattaste hår som motsett seg alle forsøk på å bli rufsa til og liva opp. Men på torsdag, altså. (Kanskje det er fordi eg ikkje har vore til frisøren på eitt år? Håret mitt er kanskje så tørt og slite at det har gjeve opp og blir med på alt. Hurra!)

Sjølvportrett før eg gjekk ut døra heimanfrå. Dette er dei omtalte krøllane som overlevde gråting og klemming og ein heil, lang fest. Eg trur det må ha vore magiske krøllar.

Comments on this entry are closed.