I går skulle vi klippe klørne til Gustaven. Til dei som ikkje har ein galen kvalp og forstår korleis dette artar seg kan eg fortelje at det mildt sagt er ei utfordring. Gustaven har absolutt inga forståing for at det må gjerast, hatar å bli haldt fast og blir generelt umogleg å ha med å gjere. Forige gong fekk vi det til ved å bestikke han med store mengder tørrfôr undervegs. Denne gongen gjekk han ikkje på den og nekta plent. Då leitte vi fram ein boks leverpostei, og då var det fest! Eg haldt han fast og lurte i han posteien medan mannen klipte ned klørne hans så fort som mogleg, før Gustaven skulle skjøne kva som føregjekk. Og så skjedde det: mannen klipte ei klo litt for langt inne. Det gjer ikkje vondt for hunden, Gustav reagerte i alle fall ikkje, men herre jemini, kor det blør.
Han blødde ut buksa mi og stolen vi sat i. Så verka det som at det gjekk over, vi sette han ned på golvet og han byrja å springe rundt med ein leike. Etter fem minutt var det bittesmå labbeforma blodspor over heile stovegolvet. Eg sette han fort inn i buret, så kan kunne liksom blø frå seg der, medan eg vaska golvet. Så sleppte Gustaven ut igjen, og etter fem minutt var leiligheita dekka av blodspor igjen. Og det kan eg fortelje dykk, det kjennast rimeleg tvilsamt ut å krype rundt på golvet i blodige klede og tørke opp blodspor. Kjendes som om eg var med i Detektimen. Som skurk.
Så eg måtte til slutt plastre den vesle labben hans, noko han sette om mogleg endå mindre pris på enn kloklippinga. Han gjekk resten av kvelden og prøvde å bite den av, men eg hadde teipa så mykje at han ikkje greidde det. 1-0 til mor.
Ja, nei, livet med hund, godtfolk. Det altså.



{ 2 comments }
I die så söt å fin liten bissevov <3
MÅ.FÅ.HUND.
JA, det må du! Kan tilråde ein liten mops;)
Comments on this entry are closed.