Her om dagen tenkte eg over følgande (urealistiske) problemstilling: viss eg berre skulle fått gå med èin farge på neglene kvar dag resten av livet, kva ville det ha vore? Eg trur forsyne meg eg ville ha vald raudt.
Dei fleste ville sikkert ha vald noko nøytralt, men eg døyr som kjend av keisemd av slikt. Eg blir derimot aldri lei av raude negler. For meg er det som ein slags nøytralfarge, ein basefarge som passar til alt. Han kan vere klassisk og elegant, han kan vere rocka og tøff, han kan piffe opp eit enkelt antrekk. Eg kjem ikkje på eitt einaste antrekk eller ein einaste situasjon raude negler ikkje ville ha passa til. (Altså, det er kanskje ikkje ideelt til ei gravferd, men om antrekket elles er mørk og fint ser eg ikkje eit stort problem med å ha raude negler attåt.)
Og no, mine vener, har eg funne noko som eg trur må seiast å vere den tilnærma perfekte raudfargen – for meg, i alle fall. Essie #62 Laquered Up er perfekt tomatraud, skarp og klår i fargen. Og konsistensen er fin, betre enn mange andre Essie-lakkar eg har; han er bittelitt rennande å legge, men dekkar bra etter to lag. Denne kjem eg til å bruke mykje.
Kva farge ville de ha gått med resten av livet, om de måtte velje èin?


{ 4 comments }
Oj, så vanskeleg spørsmål då! Eg støttar deg i at raudt passar til alt, men eg hadde nok gått for ein mellom-mørk lilla:) eller kanskje om eg skulle ha flesket til med isadora sin muddy water.
Åh, ja, den er fin. Og faktisk ganske nøytral også, sjølv om den likevel gjer litt ut av seg! Godt val
Hei Frøken Barmen.
Jeg tror jeg kanskje har lyst til å fotografere hendene dine. Creepy? Ikke i det hele tatt! Lover! Jeg skriver bloggen myawesomebeauty.com; ta en titt og send meg en mail.
Hei Sophie!
Oi, for eit rart og hyggeleg spørsmål, haha! Eg sender deg ein mail, eg.
Comments on this entry are closed.