Det siste steget

June 9, 2012

Det siste steget er teke. Eg har stadig kome nærare dei siste åra; eg har fått meg hardangerbestikk, lært meg å lage kjøtkaker frå botnen av (som rett nok ikkje blei særleg gode, men eg gjorde det no), eg har byrja å trene, eg har hatt vener på besøk til middagsselskap opptil fleire gonger, og no dette: eg har vent meg til det. Eg drikk kopp på kopp med svart kaffi kvar dag, utan melk eller fløyte eller noko som helst i. Eg er blitt vaksen.

{ 2 comments }

Hanne June 11, 2012 at 13:06

Eg er gift og har barn, men har so langt i livet berre drukke 2 koppar med svart kaffi. Og då hadde eg nok ein del sukker i. So eg får vel konkludere med at eg enndå ikkje er vaksen.

Frøken Barmen June 12, 2012 at 19:07

Nei, det e du nok ikkje då:) Men du kan trøste deg med at mann og unge gjev deg nåken gode voksenpoeng, då.

Comments on this entry are closed.