Eg laga meg eit brød

January 28, 2013

På fleire bloggar i haust har eg lese om eit brød som skulle vere så ufatteleg godt at alle burde ete det alltid, heile tida. Så eg tenkte jaja, ein får prøve å lage det, då.

Eg veit ikkje kva det heiter, slike bakeverk, men eg har døypt det treigebrød, for det tek lang tid å lage. Eller, det tek lang tid på å bli ferdig. Sjølve aktiviteten ein sjølv må gjere tek minimalt med tid.

Ein raskar i hop litt kveitemjøl, gjær og vatn, eltar det, og let det stå i fred dekka med plast i mellom 12 og 18 timar. Neste dag varmar du omnen til 230 grader, set inn ei panne eller eldfast form med lokk, og førehandsvarmar henne i ein halvtime. Så puttar du deiga di oppi, set på lokket og let det stå i omnen i ein halvtime. Så tek du av lokket og steikar brødet i eit kvarter til. Easy peasy lemon squeezy.

I deiga kan ein sjølvsagt tilsetje meir om ein vil det. Krydder, ost, frø, nøtter, kva som helst. Eg tilsette rosmarin, timian og basilikum.

Og dommen? Det blei utan tvil det penaste brødet eg nokon gong har produsert. Verkeleg bakeribrødaktig. Men om det blei så absurd godt veit eg no ikkje. Det var heilt greitt. Det smakte brød.

Men sjå kor fint det blei?

IMG_0257

{ 4 comments }

Ragni January 28, 2013 at 16:26

MEGET pent bröd.

Frøken Barmen January 28, 2013 at 20:23

Sant?? Eg ropte høgt då eg tok det ut av omnen og såg kor lekkert det var blitt. :)

Mari January 28, 2013 at 19:58

Veldig bra!!! Det såg vertfall godt ut;)

Frøken Barmen January 28, 2013 at 20:24

Ja, det skal ikkje stå på utsjånaden:)
Eg får prøve det igjen og sjå om eg kan justere oppskrifta litt. Når alle seier at det skal vere så sjukt godt må det jo vere noko i det..?

Comments on this entry are closed.