Eg skal bli gift på mårakvisten

February 14, 2013

Eg har fått nokre spørsmål om eg ikkje kan skrive litt om bryllaupsplanlegginga her på bloggen, og som den oppofrande bloggarinna eg er skal eg sjølvsagt gjere det. Men med måte, må eg få legge til, for nokre løyndommar må den raudnande brura trass alt få halde for seg sjølv som overrasking til gjestane på den store dagen.

Så. Slik er stoda: eg og mannen skal gifte oss til sommaren, nærare bestemt den 17. august. Eg blir nesten – men berre nesten, altså – litt skjelven av å skrive det ned, for det er så stort endeleg å ha sett ein dato og alt. Men uansett. Eg veit ikkje kor interesserte de som les frokenbarmendåttkåm er i bryllaup og slikt, men eg tenker at eg skriv no det eg sjølv tenker kan vere greitt å lese om, og så får de som drit i det berre hoppe over. Det er lov, det også, og eg tek meg ikkje nær av det. Sjølv hoppar eg til dømes alltid over oppskrifter og babygreier i bloggane eg les.

Men slik at det er sagt: dette kjem ikkje til å bli ein bryllaupsblogg. Eg kjem ikkje til å skrive om tallerkendesign eller høveleg undertøy til den store dagen. Ei heller kjem eg til å teste ut ulike typar sminke og gje terningkast. Eg er ikkje ei slik brur. (I tilfelle de kjende litt på bridezillaangsten.)

OK. Er de klare? Nu kör vi. (Sånn etterkvart. Vi tek det litt langsmed. Vegen blir til medan ein går og slikt.)

{ 4 comments }

Yngvild February 18, 2013 at 19:54

Så bra Ane, eg gler meg til å lese om bryllaupsting! Sjølv om eg ikkje skal gifte meg i nær framtid er eg håplaust romantisk. Lov at du sjekkar ut Leila Hafzi sine kjolar… til lukke!

Frøken Barmen February 22, 2013 at 14:52

Takk, Yngvild! Godt å høyre at du vil lese om dette også:)
Eg har faktisk kjolen på plass allereie, så eg kjem med eit innlegg om det seinare;)

mari v February 20, 2013 at 10:15

Klart vi vil høyre om bryllaup! Stor happening! :)
Eg kjem til å lese det sjølv om eg ikkje akkurat er verdas mest romantiske person…

Frøken Barmen February 22, 2013 at 14:53

Haha, det er godt å høyre, Mari:)

Comments on this entry are closed.