Eg tenker ofte på kor fint det må vere å vere ein katt. Kattar gjev blanke i kva andre syns og gjer akkurat det dei har lyst til. Som å legge seg på tastaturet på dataen til mor når ho skal skrive. Det er mogleg Alfreden tenker over at han kanskje er i vegen, men konklusjonen hans blir likevel alltid “Faen heller, eg gjer det likevel.”
Og som katt må det vere veldig greitt å vere så søt at mor ikkje har hjarte til å jage deg vekk heller.
Og så er det berre å legge seg godt til rette og få kos.
Ser de forresten kor lurvete Alfreden er i pelsen? Han har jobba seg opp verdas tettaste flokar gjennom vinteren, og sidan han hatar å bli børsta og stelt har dei vekst seg så tjukke at det er umogleg å kambe dei ut att. Difor må dei berre klippast av heilt inne med huda. Litt dreg han ut sjølv, mykje klipper min tapre mann av. Eg tør ikkje, for eg er så redd for å klippe han i sjølve huda. Og Alfreden blir dritsur når vi prøvar. Men no byrjar det å hjelpe! Snart blir han like naken og rar som då vi fekk han frå Dyrebeskyttelsen, glattbarbert og drittynn. Eg trøstar meg med at det sikkert er godt for han å miste litt pels i sommarvarmen (som snart må kome).


Comments on this entry are closed.