Fri som fuglen

January 2, 2013

IMG_0171Eg har vore vill og galen no med nyttår. Eg har gjort noko eg har tenkt på i ei heil æve, men ikkje fått meg til å gjennomføre: i går sletta eg Facebookkontoen min. Eller deaktiverte han eller kva det no heiter. Nyåret er ei bra tid til å rydde opp i ting, ta val på kva ein vil og kva ein ikkje vil og alt det der, og noko som er viktig for meg no er å slutte å bruke tid på slikt som ikkje gjev meg noko, ting som berre er tidtrøyte. Eg treng sårt å slutte å dille rundt der inne og kaste bort tid. Facebook er fint for å følge med, få med seg festinvitasjonar og seie hei til gamle kjende og slikt, men bortsett frå det er jo heile greia eigentleg berre ei stor samling av kva folk et til middag og kven som har trent eller vaska golvet. Og for all del, eg har skrive om slike ting sjølv, eg. Men no er eg lei. Og eg er lei av å tulle bort tida mi der inne.

Så, godtfolk, 2013 startar ambisiøst, som de forstår. Mindre fjesbok og meir bøker. Eller blogging. Og meir laust hår. Som eg rett nok har bomma med på dette biletet, forresten. Ja ja. Det nye året er så ferskt, så eg er ikkje heilt inne i desse forsetta mine enno. Men snart!

{ 4 comments }

NML January 2, 2013 at 19:34

Yeah! Jeg sletta også facebook’en min for noen år siden. Eller, det er mange år siden. Kanskje fire. Har ikke savnet den et sekund! Jeg lover, du har tatt den riktige avgjørelsen! *applaus*

Frøken Barmen January 2, 2013 at 23:08

Hurra! Det var godt å høyre. Eg er redd for å få abstinensar. Men satsar på at eg klarar å halde meg unna!

An Magrit January 2, 2013 at 21:06

Åhh,,, du ser så fresh ut Ane!!! =)

Frøken Barmen January 2, 2013 at 23:09

Oi, det var eit kjekt kompliment å få når ein kjenner seg skikkeleg januargusten! Takk, søta:)

Comments on this entry are closed.