Eg har alltid drøymd om å gifte meg. Eg trur vi kan skulde på mi (litt for?) sterke interesse for Jane Austen-bøker og -filmatiseringar, Tatt av vinden, alle kostymedrama eg har sett og alle kjærleiksromanar eg har lese. Eg er ekstremt romantisk anlagt. Ungar og familieliv har eg aldri vore så oppteken av, men akkurat dette med den store kjærleiken og det å gifte meg har alltid vore på ting-eg-må-gjere-før-eg-døyr-lista mi. Mannen er som mannfolk flest ikkje fullt så oppteken av dette. Men det passar meg fint – då får jo eg bestemme mest, tenker eg. Det er vel regelen? Den som meinar mest får bestemme mest? Slikt likar ein kontrollfrik.
Og sidan eg var i tolvårsalderen har eg drøymd om eit skikkeleg hippiebryllaup. Eg har fabla om å giftast med ein vakker mann midt i ei blomeeng, medan vener og familie skulle stå rundt oss, hand i hand, i ein sirkel av kjærleik og alt som er kleint. Men slapp av: eg er ikkje så opphengt i dette enno. (Ikkje så veldig, i alle fall. Berre litt.)
Om lag så pene skal vi vere. Tenker eg.
Men! Då vi byrja å planlegge bryllaup var utgangspunktet vårt uromantisk nok dette: korleis få mest mogleg bryllaup for minst mogleg pengar. Vi har studert i mange år og har verken høve eller lyst til å bruke store pengesummar på eit bryllaup. Likevel har vi tenkt at når vi fyrst skal ta steget inn i ekteskapet er det kjekt å gjere litt ut av det, ta seg ein durabeleg fest saman med alle vi likar. Dessutan er gjennomgangstipset frå mest alle som har gjeve oss råd på vegen at ein ikkje skal vere så gneten når ein skal feire bryllaup – det er betre å invitere litt mange enn litt for få og kanskje angre seinare, betre å lage ein skikkeleg fest framfor å gjere det så lite at det mest ikkje merkast. Folk er ulike, og alle må få ha det bryllaupet dei ynskjer seg, og eg forstår det veldig godt om nokon vil ha eit lite, enkelt bryllaup. Men vi kjenner at for oss er det stas å ha ein fest med mykje vener og gjere litt ut av det. Men som sagt: utan å ruinere oss.
Så korleis har ein eit passe stort og fint bryllaup utan eit særleg stort budsjett? Det er praktisk nok få ting som triggar fantasien min meir enn strenge rammer. Dersom alt er lov blir eg forvirra og ubrukeleg, men dess fleire avgreinsingar eg får, dess meir oppfinnsom blir eg, og då eg byrja å planlegge med utgangspunktet alt må vere gratis eller dritbillig fekk eg etterkvart overraskande mange idèar. Dessutan er jo nettet vår ven når det gjeld det aller meste her i livet. Det er berre å google “wedding on a budget” og liknande, og ein får haugevis med treff.
Så poenget mitt er: det er fullt mogleg å gifte seg og ha ein fin fest utan å bli aldeles blakk. Ein må berre planlegge litt.
Det tenkte eg å skrive litt om framover. Håpar de vil henge med.



{ 7 comments }
I vill absolut henge med! <3
Hurra! Det likar eg å høyre;) <3
hehe, “weeding on a budget”, Barmen? Dette visste eg ikkje om deg ;P
Haha! Oi, der dobla eg visst feil bokstav. Elles kunne det jo vere spanande å sjekke ut “weeding on a budget” også. Fnis.
Når eg tenker meg om ville det jo då også blitt eit skikkeleg hippiebryllaup!
Høyrast ut som du er godt i gong med planane og at dykk får ein fantastisk dag!!
Trikset er alltid god planlegging sonn at man slepp å stresse akkurat den dagen
Ja, ein stressfri bryllaupsdag er øvst på ønskelista mi! God planlegging pluss champagne når ein finar seg, som du snakka om, trur eg vil gjere susen. I alle fall langt på veg;)
Comments on this entry are closed.