Han veks og veks

January 7, 2013

bild-31Alle vener og kjende som møter Gustaven for fyrste gong seier: “Men gud kor liten han er!” Og vi berre hæ? Han er jo blitt kjempestor? Men han ser kanskje større ut på bilete, og så stussar folk over at han er mindre i røynda. Eg veit ikkje. Men mopsar er jo ikkje verdas største hundar, akkurat.

Men han har uansett vekst mykje sidan vi fekk han. Fyrste gong vi besøkte kennelen sovna han i handa mi, knøtliten og gråaktig i pelsen. No er han blitt meir mopsegul, og eg slit med å halde han med berre ei hand, for han elskar mat og har blitt ein liten tjukkas. Han har forlengst vekst ut av strikkegensaren sin. Og han har fått mykje meir det typiske rynkete mopsefjeset. Eg og mannen syns vi ser skilnad på han frå veke til veke, og eg må passe på å ta mykje bilete, så eg ikkje gløymer korleis han var ein gong.

No er han blitt skikkeleg bøllete. Det er visst noko med at når kvalpar er mellom 13 og 16-17 veker gamle får dei ekstra testosteron i kroppen, både hannar og hoer, og då blir dei meir herjete og prøvar å utfordre rangordninga i flokken. Så Gustaven har oppdaga at det er veldig festleg å springe i motsett retning når vi vil at han skal kome, og å late som om han står i ro når vi skal løfte han for så å hoppe unna i siste sekund. Og å dra i dukar og gardiner er kjempeartig, for då får han jo så mykje merksemd! Han er rett og slett full i faen for tida. Det er ganske slitsamt, for å seie det mildt. Vi prøvar tappert å vere tolmodige og gje snop og skryt når han i korte glimt gjer slik vi vil, og håpar at det skal gjere susen.

Elles er han ein fin fyr. Han syns ikkje lenger at trapper er dritskumle, og når han er i slag kan han sprinte opp heile trappa til leiligheita vår. Han tør ikkje å gå ned igjen, då, men det er like greitt, for han er så klønete og kan fort ramle og slå seg. Og han har lært seg å hente leikane sine når vi kastar dei til han. Han blir aldri lei av å sloss om tyggeleikane sine med oss. Og han er det mest sosiale vesenet eg har møtt nokon gong. Uansett kor stuptrøytt han er vil han vere med. Om han ligg og søv og vi reiser oss for å hente noko i eit anna rom kjem han alltid tassande etter med sovetryne og lurer på kva vi skal. Han døyr av glede kvar gong nokon nye kjem inn døra og er i himmelen når gjestar vil leike med han. Så alt i alt er han jo verdas finaste bikkje. Heilt objektivt sett.

{ 4 comments }

An Magrit January 8, 2013 at 14:49

Åhh,,, eg v komme å kosemose han! Han e så nydelig og nusselig!!! <3

Frøken Barmen January 10, 2013 at 22:16

Sant han e??
Det e berre å komme. Han ve garantert bli gla for besøk av deg;)

Mari January 26, 2013 at 19:36

Like greit at han ikkje vil gå trappene ned endå. Vi bar leo ned trappene i over eit år for å skåne hoftene hannas. Vart tongt etterkvart, men god trening for oss og egentlig ganske koselig òg:)

Frøken Barmen January 27, 2013 at 12:56

Ja, har høyrt at det kan vere tungt for skjelettet deira å gå ned trapper? Sikkert greitt å vere forsiktig for å vere på den sikre sida;)

Comments on this entry are closed.