Kan vi ikkje berre drikke vin og ha det hyggeleg?

January 10, 2013

Når ein er nynorskbrukar blir ein automatisk tiltrudd eit sterkt politisk språkengasjement. Ingen ser ut til å tru at ein nynorskskrivande person gjer det berre fordi dei må skrive på ei eller anna målform, og så blei det tilfeldigvis nynorsk, liksom. Nei, når ein skriv på nynorsk har ein gjort eit medvite val. Eit politisk val. Og det valet skal ein forsvare.

Bokmålsfolk må aldri forklare eller forsvare målforma si. Dei skriv jo berre på norsk. Ingen spør kvifor i alle dagar dei skriv på bokmål. Ingen veit kva eit bokmålsmenneske meinar om sidemål i skulen, norsk språkpolitikk eller målstriden. Men når folk forstår at du skriv på nynorsk, då meinar dei straks å vite at du er for sidemål, at du er ihuga Ivar Aasen-tilhengar og at ingen ting gjer deg gladare enn å misjonere for saka di.  Du blir tildelt merkelappen “rasande, engasjert og debattsvolten” med èin gong.

Og på sett og vis forstår eg det. Som nynorskbrukar blir rettane dine altfor ofte trakka på og nedvurderte, og det gidd ein jo ikkje å finne seg i. Då må ein jo protestere, då blir ein jo sint. I starten av alle skuleår sat vi som hadde nynorsk som målform utan bøker, ofte i fleire månader, fordi forlaga prioriterte bokmålsbøkene og sende dei ut fyrst. Det er ikkje lov, men det skjedde kvart einaste år. Eg har hatt norsklærarar som aldri gadd å bruke nynorsk i norsktimane våre, endå vi har lovfesta rett til det. Og sjølv om ein melder seg opp til eksamen med nynorsk som målform på norske universitet, kan dei likevel finne på å gje deg oppgåvene på bokmål når du kjem til eksamenslokalet: ofte har dei berre drite i å skrive ut oppgåvene på nynorsk, for det er liksom ikkje like viktig. Tenk om dei gjorde det same mot bokmålsbrukarane? Trur de dèt hadde gått upåakta hen?

Eg valde ikkje nynorsk som barn, det var målforma ein brukte på barneskulen min, og foreldra mine ville at eg skulle ha det. Men eg har, i motsetnad til svært mange eg gjekk på barneskulen saman med, halde på denne målforma som vaksen. Og det er sjølvsagt eit medvite val.

Eg var lenge sint og engasjert. Eg har vore medlem av Målungdommen. Eg var med på å stifte lokallag på gymnaset. Eg har vore på møter. Eg har gått i demonstrasjonstog. (Kva vil vi ha? Nynorsk data! Kor tid vil vi ha det? NO!) Eg har krangla. Eg har forsvart. Eg har diskutert til eg var på gråten. Og saken er at eg har kjend at eg måtte det. For meg er ikkje nynorsken berre eit skriftspråk. Det er ein stor og viktig del av den eg er. Det seier noko om identiteten min. Det ligg nært dialekta mi og seier såleis også noko om kor eg kjem frå. Eg tykkjer måten nynorsken er blitt til på er demokratisk og fornuftig: at ein tek utgangspunkt i talespråket til vanlege folk og set det saman til eit skriftspråk framfor å importere språket til overmakta, slik ein gjorde med bokmålet. Og fordi nynorsk blir rekna som eit bondespråk er det ekstra viktig for meg å halde på det, for eg skammar meg ikkje over å vere frå landet. Eg er ikkje ei overklassejente frå Oslo vest. Eg stammar frå fiskarar og bønder, og det er heilt ok. Eg syns ikkje eg treng å late som om eg er noko anna enn eg er, og for meg er nynorsken med på å syne det. Så når folk trakkar på språket mitt, eller rettane mine til å bruke det, blir eg sjølvsagt forbanna, og eg har ikkje hatt hjarte til å la idiotiske utsegn om kor stygt eller bondsk eller uviktig målforma mi er få stå uimotsagt.

Men eg gidd faen ikkje meir.

Eg saknar meir lyst og glede i norsk språkdebatt. Eg orkar ikkje desse rasande nynorskmenneska lenger. Eller bokmålsmenneska, for den del. Og eg er lei av å vere rasande sjølv. Det tek så mykje krefter. Eg er så  l e i  av å sitje på fest med kranglesjuke bokmålsmenneske som aldri har møtt ein ekte nynorskbrukar før og då vil teste ut alle argumenta sine til kvifor ein ikkje treng sidemål på meg. Eg er så grenselaust lei av å forklare kvifor eg tykkjer det er viktig å få alle skjema og papir frå det offentlege på mi eiga målform og kvifor eg syns det er greitt at staten bruker nokre kroner på det. Eg er så dritande lei av å prøve å argumentere mot folk som er totalt uinteresserte i språk i utgangspunktet og som helst berre vil at vi skal gå over til engelsk med èin gong fordi det er eit meir “presist” (les: kulare) språk. Og eg er så forferdeleg, ufatteleg lei av å diskutere og forsvare norsk språkpolitikk når eg er på fest og berre vil drikke vin og preike skit i staden.

Kan vi ikkje berre vere vener?

Kan vi ikkje alle berre akseptere at vi har to målformer i norsk og at det er ok? At det kanskje til og med er ein rikdom? Kan vi ikkje berre syns at det er flott og spanande at folk ser ulikt i språkspørsmål og vere språkentusiastar i staden for kranglefantar? Og kan vi for faen ikkje berre gå på fest og ha det hyggeleg saman uavhengig av kva målform vi skriv på?

Eg orkar ikkje å krangle meir. Kan vi ikkje berre drikke vin og ha det hyggeleg. Ver så snill.

{ 11 comments }

Magfly January 10, 2013 at 23:05

Takk og skål!

Frøken Barmen January 10, 2013 at 23:24

Skål, Magfly! :)

Lindis January 10, 2013 at 23:13

Jeg syns det utrolig bra at vi har to målformer jeg! Er veldig glad for at jeg lærte nynorsk på skolen :) Er skikkelig fan av de ulike dialektene her til lands også :) Så ja, jeg syns også at alle bare kan være venner å heller la seg inspirere enn å irritere!

Frøken Barmen January 10, 2013 at 23:24

High five, Lindis! :)

Eirin January 11, 2013 at 14:43

AMEN!

Frøken Barmen January 12, 2013 at 11:56

;)

Marlén January 14, 2013 at 06:49

Kunne ikkje vært meir enig!

Frøken Barmen January 15, 2013 at 12:05

Vi er nok mange nynorskfolk som tenker sånn, trur eg:) “Lat oss berre slappe av og kose oss!” ;)

Kathrine January 20, 2013 at 22:21

Amen!

Mari January 26, 2013 at 19:27

Tenkte eg skulle skrive “amen” til ditta, men ser eg er seint ute;)

Frøken Barmen January 27, 2013 at 12:54

Hehe, men tanken var god, Mari! :)

Comments on this entry are closed.