I desse knusktørre vinterdagar går huda mi bananas og treng ekstra omsut, og bodybutter er bortimot det einaste som er feitt nok for min del. No har eg funne ein frå Body Shop som, hald dykk fast, luktar smelta sjokolade. Himmelen! Eg vil gå med nasa nedi krukka heile dagen, men må nøye meg med å smørje meg inn og lukte på meg sjølv i staden. Det er nesten like bra. Det er sikkert ikkje noko for alle, lukt er så individuelt, men eg for min del døyr av glede kvar gong eg klinar meg inn med dette. Får lyst å ta ei tygge av armen min kvar gong eg kjenner lukta. Åh.
(Og som alltid: eg blir ikkje sponsa av nokon som helst og kjøpte denne for eigne pengar. Den luktar berre så vedunderleg at eg såg meg nøydd å fortelje det til andre som også vil lukte snop.)


{ 2 comments }
Oj, den må testast! Eg likar godt den med kokoslukt òg. Sommarfeeling!
Åh, ja, den er herleg! Har brukt den mykje sjølv:)
Comments on this entry are closed.