Seksti spørsmål på ein torsdag

January 31, 2013

1. Hur gammal är du?

28 år.

2. Hur gammal känner du dig?

Som 28, i regelen. Iblant som 72.

3. Vad har du gjort i dag?

Ete frokost, drukke kaffi, ordna meg, styrt med hunden, skrive. Skal i studio og lese om nokre timar.

4. Vilken film såg du senast?

Django Unchained. Den var spanande, men eg måtte jo sitje med hendene for augene store delar av tida. Forferdeleg mykje vald. På slutten måtte eg berre gje opp og be mannen fortelje meg korleis det gjekk etterpå.

5. Vem ringde du senast? 

Pål, for å avtale avlevering av Gustaven neste helg. Vi skal reise bort og vere vekke frå skatten vår ei heil helg! Men han får det garantert bra hos onklane sine.

6. Är du besatt av någonting?

Det er vel ingen løyndom at eg er nokså besett av neglelakk. Og utan sjokolade er eg ikkje menneske.

bild-28

7. Är du rädd för blod?

Berre blod i og for seg har eg ingen problem med. Det er meir korleis blodet kjem fram eg slit med.

8. Beskriv platsen du befinner dig på just nu? 

Det er stova mi, med sofa, piano, blomar og stearinlys og bøker og heile kostebinderiet. Og ein snorkande kvalp på golvet.

9. Kan du nämna fem statsministrar under 1900-talet i Sverige? 

Eg får vel ta denne på norsk?! Oi. Jens Stoltenberg, Gro Harlem Brundtland, Torbjørn Jagland, Einar Gerhardsen … og Kåre Willoch?

10. Googlade du för att få fram svaret på föregående fråga? 

Haha! Nei, ikkje før etterpå, for å sjekke at Willoch faktisk hadde vore statsminister så eg ikkje dreit meg heilt ut.

11. Vilken färg är dominerande i din garderob?

Svart, blått og grått vil eg tru.

12. När vaknade du i dag?

Rett før åtte, av ein hund som ville ut og tisse. Eg var så trøytt at eg heilt oppriktig tenkte: “Eg hatar å leve!!” (Eg kan vere litt dramatisk om morgonen.)

13. Vilken är din favorithögtid? 

Det må vel bli jul, sjølv om eg har litt blanda kjensler for henne.

14. Vart i världen skulle du vilja befinna dig just nu? 

Det hadde ikkje vore tyle om eg vakna opp på ei strand i Karibien i dag tidlig, altså.

15. Nämn en plats i världen du besökt som du aldrig vill återvända till?

Eg legg meg ikkje ned og gret om eg aldri meir får reise gjennom Sjåk eller Lom. Eg får rett og slett klaustrofobi av alle dei treda.

16. Hur vill du tillbringa din pension?

Saman med mann, hundar og kattar i ei hyggeleg leiligheit ein eller annan stad, der eg skal drikke raudvin kvar dag og kunne reise på lange turar til varme strok kvar vinter.

20120620-125528

17. Vad lyssnar du på just nu?

Ingen ting. Men skulle eg ha sett på eitkvart ville det kanskje ha blitt Lykke Li og Tonight.

18. Har du någon gång brutit ett ben? 

Aldri, bank i bordet.

19. Vilka fem saker vill du inte vara utan i ditt skafferi/kyl?  

Oliven, kaffi, fetaost, pepsi max, kvitost.

20. Vem är din favoritkändis?

Lena Dunham kjem høgt opp på lista mi om dagane. For ei bra dame!

21. Vad är du på för humör just nu?

Veldig bra! Håret mitt har oppført seg bra i dag, januar er snart over og sola skin ute. Dessutan har Gustaven byrja å setje seg framfor utgangsdøra når han må tisse for å gje oss beskjed, framfor å berre gjere det på golvet. Flinke, kloke hunden!

22. Vilka världsdelar har du varit i? 

Europa og Amerika.

23. Snarkar du? 

Det betyr snorke, sant? Eg trur ikkje det. Det kjem kanskje eitt og anna grynt i løpet av ei natt, men eg blir uansett alltid overdøyvd av mann og hund.

24. Vilka yrken har du provat på? 

Butikkmedarbeidar i blomsterbutikk, vaskehjelp, pleieassistent på sjukeheim og brukarheim, skribent, skodespelar, lærar (!), lydbokinnlesar.

25. Hur går du helst klädd?

I skinnyjeans, slapp t-skjorte med eit skjorte eller strikkejakke over, brouges eller flate ankelstøvlettar på beina.

26. Vilket stjärntecken är du född i?

Skorpionen. Den kulaste av dei alle.

27. Vilket är ditt favoritgodis?

Bortimot alt av sjokolade, og skulekrit. Og sånn sjokolade med lakris inni. Åh.

28. Vad sa du senast?

“Glad i deg, hadaaa!” til mannen som gjekk på jobb.

29. Vilket var ditt bästa ämne i skolan? 

Norsk. Og då eg kom på vidaregåande likte eg best høyrelære.

30. Vad har du på dig just nu?

Blå boyfriendsjeans, ei laustsitjande kvit t-skjorte, grå strikkejakke, nokre tynne armband, eit lite gullkjede rundt halsen, laust hår og ein sjukt kul manikyr. Skal vise dykk seinare.

31. Vilken är din favoritaffär? 

Urban Outfitters og American Apparel for klede, Ica for mat, Norli på Karl Johan for snop.

32. Vad har du för storlek i kläder? 

Alt frå xs til m alt etter kva merke det er.

33. Vad har du i dina fickor? 

Det betyr lommer? I så fall ingen ting.

34. Vad köpte du senast?

Ein ananas og hundeposar.

35. Hur många gånger har du flyttat? 

Huff, mange. Frå heimstaden min til Sandane då eg var femten for å gå på musikklina, så vidare til folkehøgskule utanfor Bergen, så inn til Bergen i to år, så vidare til Oslo, fyrst Frogner, så Sinsen, så Frogner igjen.

36. Om du var fast ensam på en öde ö, vilka tre saker skulle du ta med?

Ein kniv, mann og hund.

37. Vilken är den roligaste träningsformen?

Alt som er hardt og enkelt og utan noko dill. Eg likar i grunnen best styrke for tida.

IMG_6757

38. Senaste filmen du såg på bio? 

OI! Gud, eg veit faktisk ikkje. Går verkeleg aldri på kino. Det er så utruleg mykje irriterande folk der, eg blir berre sur av det.

39. Har du blivit sydd någon gång? 

Nei. Eg har knapt skada meg fysisk skikkeleg nokon gong, bank i bordet.

40. Har du någon gång badat naken utomhus?

Ja, då eg var lita var eg tilnærma nudist heile somrane.

41. Vad åt du till frukost? 

To grovskjever med leverpostei og agurk på.

42. Hur såg ditt liv ut för tio år sedan?

Då var eg atten år og gjekk siste året på musikklina, skulle snart vere russ og hadde akkurat blitt saman med mannen. Vi har faktisk tiårsjubileum i desse dagar. Skitt banditt.

43. Har du någon gång åkt dit för fortkörning? 

Eg har ikkje lappen eingong, så nei.

44. Vem gjorde senast något extra speciellt för dig? 

For nokre veker sidan kom eg heim frå studio ein kveld, trøytt og sliten, og då hadde mannen rydda leiligheita, kjøpt raudvin og laga biffsalat. Det var skikkeleg hyggeleg, og smakte dødsgodt.

45. Vart lägger du din mobiltelefon när du sover? 

Ved sidan av meg i senga, under lakenet. Eg held på å teste ut den der sleep cycle-appen, og då må mobilen ligge attemed deg.

46. Vad var det sista du åt? 

Frokost. Sjå spørsmål 41.

47. Vem är världens vackraste kvinna?

Gisele Bündchen er så pen at det er heilt latterleg.

48. Är du blyg? 

Nei, stort sett ikkje. Eg kan nok vere litt tilbakehalden iblant, men i regelen går det greitt.

49. Vilken var den sista konserten du var på?

Huff, gud kor gørr eg er. Eg hugsar jo ikkje dette heller. Konsertar og slikt har ikkje vore prioritert dei siste åra med studentøkonomien min. Kanskje det var PJ Harvey i Oslo i fjor haust?

50. Vad heter du i andra namn? 

Ingen ting. Berre Ane Barmen.

51. Har du varit med om en bilolycka? 

Nei, takk og lov.

52. Har du något bevarat inom dig som ingen annan vet? 

Det har vi vel alle?

53. Är du morgon- eller kvällsmänniska?

Kveld, kveld, kveld. Hatar morgonar.

54. Har du några husdjur? 

Ja. Ein hund og eitt spøkelse. Haha. Det siste tel kanskje ikkje.

IMG_0275

55. Vill du gifta dig? 

Ja takk! Skal faktisk gifte meg i sommar. Det blir kjekt.

56. Var växte dina föräldrar upp? 

Mamma i Nordfjord og pappa i Sunnfjord.

57. Har du någon gång ringt polisen? 

Ja, vi ringde politiet ei sommarnatt for nokre år sidan då vi oppdaga ein tvilsam type som gjekk rundt i hagen vår og såg inn glasa og tok med seg ting han fann der ute. Politiet tykte ikkje det var så nøye, og fyren tusla uforstyrra vidare til nabohagen og fann seg fleire ting der.

58. Har du svenskt ursprung?

Haha, nei, eg er stort sett berre norsk, trur eg. Men farssida til farmor var tyske, og ho påstod dessutan at vi hadde noko skotsk adel baki ein stad. Elles er eg sikker på at det er noko sydlandsk blod på morssida mi. Kystfolk har ofte det.

59. Har du, eller har haft, något smeknamn? 

Nei, men eg har alltid ynskja meg det. Men det er liksom ikkje så mykje å finne på med berre “Ane”.

60. Vilka är dina största svagheter?

Eg er nok litt kontrollfrik. Eller greitt, veldig. Eg slit med å stole på at andre kan ordne ting, eg vil helst gjere alt sjølv så eg veit at det blir riktig. Eg jobbar med å roe meg ned på det.

 

Denne lista er lånt frå Sandra.

{ 5 comments }

Cathrine January 31, 2013 at 13:30

Wow, så artig at du også skal gifte deg :) Kan du ikke komme med tips, sider du besøker på nette & ellers ta oss med i denne spennende reise til ditt bryllup?
Jeg skal selv gifte meg på 2 år, og har virkelig begynt kan du si ;) Er så masse å tenke på ..
Men Gud så gøy :D

Ha en flott dag!

Frøken Barmen January 31, 2013 at 14:17

Hei Cathrine!
Gratulerar med gifteplanar:) Ja, det er ein del å planlegge, men eg kosar meg veldig med det (førebels, i alle fall, haha)!
Ja, kanskje eg skal skrive litt om det her? Veit ikkje kor interessant det kan vere for folk, men det er jo sikkert fleire enn oss med gifteplanar der ute?:)

Ha ein finfin dag, du også:)

Ragni February 7, 2013 at 21:44

Åååh, du ska gifte de!!! Kordan kunne i misse det? Gratulerer <3
Vil også lese om planlegging å sånn:)

Vi ska å gifte oss, men har ikke nåkka dato enda, det blir nok neste sommer.

KLEM

Frøken Barmen February 7, 2013 at 23:14

Takk, Ragni! Du har ikkje unngått å få det med deg, eg har ikkje nevnt det før her inne;)
Ja, kan kanskje skrive litt om planlegginga. Men må finne ein balansegang på kva eg syns eg kan røpe og ikkje, vil jo ha litt overraskingar til gjestane når dei kjem også. Men eg skal fundere litt på det!:)

Skal dåkke gifte dåkke fystkommande sommar, eller neste? So stas!! I Sverige, eller?

Klem!

Ragni February 10, 2013 at 15:13

Det blir nok sommeren 2014. Å mest sannsynlig her i Stockholm. Glede me til å begynne planlegging:)
<3

Comments on this entry are closed.