Eg hatar denne månaden meir enn rosiner og loddsal. Eg hatar januar meir enn folk som snik i kø og folk som seier “me likey”. Eg hatar denne bedritne månaden meir enn dårleg raudvin og oppvask.
MEN. Ein skal jo leve no også. Og før ein blir millionær og kan rømme til si private sydhavsøy heile vinteren må ein finne ein måte å overleve på utan å bli altfor sur og bitter. Så eg skriv ei liste over kva som er bra med denne månaden i von om at eg skal halde ut i år også, før eg myglar heilt.
Det finnast god raudvin, og ingen dømmer deg om du burar deg inne med den no
Du er kanskje bleik og stygg, men det er alle andre også, så du skil deg i alle fall ikkje ut
Ei bunke med nye bøker på hylla som berre ventar på å bli lesne
Susanne Sundfør og Röyksopp. Saman
Kvitlauk i all mat
Ein tjukk mopsekvalp som vil sove i fanget
Elektrisk varmepledd
Solarium
Stearinlys
Badstu på Sats
Gamle episodar av 30 Rock
Sola har snudd, sjølv om vi ikkje merkar det enno
Tjukkelestar
Milo tøymjuknar
Here comes the sun, Beatles
Alle planane ein har for det nye året
Morgonkaffi (stas året rundt, men litt ekstra no)
Neglelakk (også stas året rundt, men ein klamrar seg til alt som er kjekt no)



{ 4 comments }
Hei Anemor! Eg skulle te’ å gå inn på facebook for å seie at det var grådig kjekt å lese sistesida di i Fjordenes, men det gjekk no ikkje
So altso – du skriv veldig bra, både her og i avisa! Kjekt å følge med deg
Åh, søte Birthe! Tusen takk, det var veldig kjekt å høyre:)
Nei, eg har jo starta på ny frisk ditta året og sletta facebooken min! Men det var kjekt at du tok deg turen inn hit for å sei det, det set eg pris på. Klem!
Haha, “me likey” – grusomt uttrykk!
Ja, det er verdas dummaste uttrykk! Det var artig i 2001, liksom. Og eg hatar slike uttrykk som det går inflasjon i, som alle seier heile tida. Får makk!
Comments on this entry are closed.